«Perry» hentar inn Lagerbäck som medhjelpar

Lars Lagerbäck (73) og Per Joar Hansen blir gjenforeina i Allsvenskan-klubben Östersund.
sport

Hansen vart tilsett som Östersund-trenar tidlegare i månaden, og det tok ikkje lang tid før han kontakta sin gamle overordna i trenarteamet til dei norske fotballherrane.

Ifølgje Lagerbäck skal han fungere som ein slags sparringspartnar for Hansen. Det forklarer han i eit innlegg på Östersunds Facebook-side.

– Eg sa at eg sjølvsagt kan vere med og assistere eller vere sparringspartnar. Om han vil at eg skal gjere noko, så gjer eg det. Eg har sett dei tre siste kampane til ÖFK, som han bad meg om å gjere, og vi har prata litt om korleis laget presterer. Derfrå er det Perry som bestemmer og tek avgjerder, seier Lagerbäck.

Lagerbäck og Hansen vart fjerna som trenarar for Noreg i desember i fjor. Sidan har førstnemnde fungert som teknisk rådgivar for dei islandske fotballherrane, men den jobben forlét han tidlegare i månaden, ifølgje Aftonbladet.

Per Joar Hansen har leidd Östersund i to seriekampar. Dei har gitt tap (0-1) for Sirius og siger (3-1) over Elfsborg, og laget ligg framleis sist i Allsvenskan.

(©NPK)