Simen Guttormsen tangerte persen

Simen Guttormsen tangerte den personlege rekorden sin i stav då han svinga seg over 5,62 i kontinentaltourstemne i Zagreb tysdag.
sport

Guttormsen tok både 5,22, 5,42 og 5,52 i første forsøk. Han reiv ein gong på 5,62 før han greidde høgda i neste forsøk. Deretter reiv han tre gonger på 5,72. Han enda på 6.-plass i det sterke selskapet.

Tom Erling Kårbø noterte sesongbeste 8.28,26 då han i same stemne vart nummer seks på 3000 meter hinder. Sigeren gjekk til etiopiske Getnet Wale på 8.12,01.

Line Kloster braut 400 meter hekk etter å ha komme feil ut av første sving. Det vart siger til Gianna Woodruff frå Panama på 54,67.

(©NPK)