Eitt bortepoeng for Feyenoord i Israel

Marcus Holmgren Pedersen og Fredrik Aursnes spelte heile kampen då Feyenoord innleidde conferenceligaen med 0–0 borte mot israelske Maccabi Haifa.
sport

Gruppespelet til den nye europacupturneringa tjuvstarta tysdag med to kampar, begge i Israel. Feyenoord tok det første bortepoenget i turneringas historie.

Begge lag hadde gode sjansar i kampen, men ingen av dei fekk ballen i mål. Kapteinen på heimelaget Tjaronn Chery hadde ei avslutning i tverrliggjaren midtvegs i første omgang, men vertane tvinga ikkje landslagsmålvakta til den nederlandske klubben Justin Bijlow til ei einaste redning.

Feyenoords midtspiss Bryan Linssen kom til fleire farlege avslutningar, men greidde ikkje å overliste Maccabi-målvakt Joshua Cohen. Guus Til sette òg Cohen på prøve.

For Feyenoord gjorde høgreback Lutsharel Geertruida comeback etter langvarig skade då han vart bytt inn i det 82. minuttet. Pedersen vart då flytta fram på bana.

I den andre kampen i conferenceligaen vann Maccabi Tel Aviv 4–1 over Alashkert frå Armenia. Andre kampar blir spelte torsdag, blant dei Bodø/Glimts heimekamp mot ukrainske Zorja Lugansk.

(©NPK)