United-stjerna Rashford blir operert neste veke

Marcus Rashford må operere skuldra som har plaga han sidan november i fjor. Operasjonen vil truleg halde han ute av spel til oktober.
sport

Det er Premier League-klubben sjølv som sender ut nyheita om den planlagde operasjonen fredag.

«Etter ein konsultasjon mellom Marcus, manageren, det medisinske apparatet og spesialistar, er det bestemt at Marcus skal verte operert for sin skulderskade. Han vil no konsentrere seg om rehabiliteringa for å returnere så raskt som mogleg», skriv klubben.

Det er tidlegare rapportert om ei rehabiliteringstid på 12 veker. I så fall vil United-angriparen tidlegast vere tilgjengeleg for spel i oktober.

(©NPK)