Heltne Nilsen mot Brann-retur

Etter at Sivert Heltne Nilsen rykte ned med belgiske Waasland-beveren sist sesong, går det no mot retur til Brann og norsk fotball.
sport

Alt skal nærast vere klappa og klart for ein retur til Brann for Heltne Nilsen. Det stadfestar Geir Morten Nilsen, som er onkelen og rådgivaren til fotballspelaren, overfor VG og NRK.

– Sivert kjem heim og er i god dialog med Brann, seier han til VG.

Heltne Nilsen skal vere klar for å redusere eiga lønn drastisk.

– Det er viktig for Sivert at folk forstår kor mykje Brann betyr for han. Han, om lag, halverer løna for å få vere med på ein snuoperasjon i Bergen, seier agent Nilsen til NRK.

Heltne Nilsen har tidlegare figurert som kaptein for dei raude, men forlét klubben i 2018 til fordel for profflivet i utlandet. No skal han altså så godt som vere klar for ein retur til Noreg.

Heltne Nilsen spelte 12 kampar for belgiske Waasland-beveren førre sesong.

Bergens Tidende melder fredag at også Bård Finne er på blokka til Brann. Dermed kan to gamle Brann-spelarar vere på veg inn portane i Bergen. Finne forlét klubben i 2014. Den siste tida har han spelt for danske Sønderjyske.

(©NPK)