Egypt sjokkerte Sverige i OL-handballen

Egypt sjokkerte Sverige og landslagssjef Glenn Solberg med 27-22-siger i Tokyo-OL fredag. Dermed er sigersrekkja på tre kampar broten for dei blågule.
sport

Sverige kom til kampen mot Egypt som klare favorittar etter tre sigrar på tre moglege hittil i gruppespelet. Der vart det stopp. Med målvakt Karim Handawy i spissen, som gjorde 17 redningar og hadde ein redningsprosent på 45, vart det egyptisk siger.

Sverige spelte seg tidlegare i år fram til VM-finale under leiinga til Glenn Solberg. Det var derfor venta at dei blågule skulle vise seg frå den beste sida si òg under OL. Det gjorde dei i dei første tre kampane med sigrar mot Bahrain, Japan og Portugal.

Men det vart altså 22-27-tap i kamp nummer fire. Sverige var allereie før kampen klare for kvartfinale, men no kan mannskapet til Solberg få ein vanskelegare motstandar og ein veg vidare i turneringa.

Sverige-spelar Max Darj var ikkje nøgd etter tapet.

– Skuffa. Utruleg skuffa over oss sjølv. Vi rotar det bort. I starten brenn vi litt for mykje, og det blir litt stressande, sa han til Discovery.

I siste gruppespelkamp ventar Danmark for svenskane. Det blir ein rein kopi av VM-finalen tidlegare i år. Der gjekk Danmark sigrande ut.

(©NPK)