Alexander-Arnold forlengde med Liverpool til 2025

Trent Alexander-Arnold har signert ein langtidskontrakt med Liverpool fram til sommaren 2025
sport

22-åringen er eit produkt av akademiet til klubben. Sidan debuten i oktober 2016 har han spelt 179 kampar for førstelaget.

Alexander-Arnold gjekk glipp av EM for England på grunn av ein skade, men backen var tilbake på banen i to treningskampar mot Wacker og Stuttgart i Austerrike sist veke.

– Det er den einaste klubben eg eigentleg har kjent, så å vere her no og forlengje for å bli her endå lengre, er fantastisk for meg og familien, seier Alexander-Arnold til nettsidene til klubben.

(©NPK)