Moussa Njie klar for Sandefjord

Kantspelar Moussa Njie er klar for Sandefjord. Han skal spele for dei blåkledde ut sesongen, nesten to år etter den siste offisielle kampen hans.
sport

Njie spelte 16 minutt for Odd mot Molde 25. august 2019. Sidan den gong har kantspelaren vore skadd og klubblaus. Det var i det nemnde oppgjeret mot Molde at Njie vart skadd.

Han slo gjennom i Stabæk, der han gjorde sakene sine godt i 2016, 2017 og halve 2018. Det gjorde at han vart seld til Partizan Beograd, men der sa det stopp med berre to kampar.

Njie trena med Stabæk igjen i mars 2021, men fekk påvist covid-19 etter berre ei vekes prøvespel. Han fekk ikkje kontrakt med bæringane og har vore klubblaus sidan, men no blir han å sjå i Sandefjord-drakt ut sesongen.

(©NPK)