Jadon Sancho stadfesta klar for Manchester United

Jadon Sanchos overgang til Manchester United er formelt i boks. Overgangen har ein verdi på nesten 900 millionar norske kroner.
sport

Det melder den engelske storklubben sjølv på eigen Twitter-profil.

Allereie for tre veker sidan stadfesta Borussia Dortmund at klubben var samd med United om eit sal.

21-åringen vart i fjor sommar sterkt kopla til laget til Ole Gunnar Solskjær, men den gong vart det berre med rykta. Eitt år seinare har United-manageren endeleg sikra seg gigantovergangen.

Sancho har ei fortid som juniorspelar i Manchester City. I 2017 forlét han klubben til fordel for Dortmund og tysk fotball. Der fekk han etter kvart rikeleg med speletid og vart ei superstjerne i Bundesliga.

No mistar Erling Braut Haaland ein av sine aller fremste tilretteleggjarar. Høgrekanten leverte 50 mål og 64 målgivande pasningar på 137 kampar for Dortmund.

(©NPK)