Sagosen: – Ein av dei svartaste dagane eg har levd

Sander Sagosen sender varme tankar til alle etterlatne på 10-årsdagen for terrorangrepa i Noreg i 2011.
sport

– Det er ein av dei svartaste dagane eg har levd i livet mitt. Eg var på ferie i Spania, og vi brukte mykje tid framfor Tv-en for å få med oss det som hadde skjedd, sa ein noko prega Sagosen under eit pressemøte i Tokyo torsdag.

– Det var ein av dei tristaste dagane i norsk historie, og det var òg mange på min alder som forsvann. Vi tenkjer på dei som har vore gjennom ei tøff tid.

Sagosen var 15 år då tragedien ramma Noreg i 2011.

Han speler sitt første OL og startar med ein kamp mot Brasil natt til laurdag norsk tid. Sagosen svarte ganske kontant «Norge» då ei svensk avis spurde om kven som tek gullet i herrehandball.

Noreg skuffa i VM i Egypt i januar, men Sagosen er offensiv før den beinharde Tokyo-turneringa.

Han vann Meisterligaen og Bundesliga med Kiel sist sesong.

– Det har vore litt svingande, meir enn eg såg for meg på førehand. Det var eit svært tøft køyr med mange kampar og karanteneperiodar. Eg tek med meg mykje læring, sa Sagosen til NTB.

Han kom til Kiel i fjor sommar frå Paris Saint-Germain.


(©NPK)