Nederland påførte kvinnelandslaget deira styggaste tap med 7–0 – Wold med sjølvmål i avskjedskampen

Noregs kvinnelandslag i fotball fekk ein brutal realitetssjekk eit år før det utsette EM-sluttspelet då regjerande europameister Nederland vann 7–0.
sport

Det er Noregs styggaste tap nokosinne. Frå før var 0–5 mot Sverige i 1985 og Kina i 1999 (VM-semifinale) resultatmessig botnnotering.

Ingrid Moe Wold var norsk kaptein i den 87. og siste landskampen sin. Ho vart overaust med gåver av nederlendarane før kampen, men fekk #ingenting gratis under han. I alle fall ikkje gode minne. Derimot var det ein rørande augneblink då alle lagvenninnene omfamna henne då ho vart bytt ut i det 78. minuttet.

Wold teikna seg i målprotokollen i avskjedskampen, men dessverre i eige mål. Nederland leidde 2–0 ved pause etter skåringar av Vivianne Miedema og Sherida Spitse. Etter pause heldt målshowet fram med nye skåringar av Jill Roord, Miedema, Shanice van de Sanden og Daniëlle van de Donk. innimellom styrte Wold ballen i eige mål til 4–0 i forsøket på å blokkere eit innlegg frå Dominique Janssen.

Koronatiltaka har gitt Martin Sjögren svært lita tid med laget det siste året. I junisamlinga måtte laget greie seg utan tre av dei største namna i stallen: Caroline Graham Hansen, Guro Reiten og Maren Mjelde. Utan dei vart det hard medfart mot Sverige (0–1) og Nederland, som begge er midt i OL-oppkøyringa.

Noreg går mot ein haust med VM-kvalifiseringskampar mot Armenia, Kosovo, Polen, Belgia og Albania. Både Polen og Belgia kan bli farlege rivalar om laget ikkje hevar seg.

(©NPK)