Krejcíkova klar for to Roland-Garros-finalar

Barbora Krejcíkova tok seg til finale i Roland-Garros i double saman med Katerina Siniakova. Krejcíkova var allereie klar for singlefinalen på laurdag.
sport

Tsjekkarane Krejcíkova og Siniakova er andreseeda i Grand Slam-turneringa og var nådelause mot det polsk-amerikanske paret Magda Linette og Bernarda Pera. Dei vann lett med settsiffera 6–1 og 6–2.

Krejcikova slo Maria Sakkari i tre sett i semifinalen i single torsdag etter å ha hindra ein matchball. I finalen laurdag skal ho møte russaren Anastasia Pavljutsjenkova. 25-åringen kan bli den første sidan Mary Pierce i 2000 som vinn både single og double i den opne franske meisterskapen.

Motstandar i doublefinalen blir amerikanaren Bethanie Mattek-Sands og polakken Iga Swiatek, som er fjortandeseeda. Dei slo Irina-Camelia Begu og Nadia Podoroska 6–3, 6–4.

(©NPK)