Uhrenholdt Jacobsen ny IOC-medlem

Astrid Uhrenholdt Jacobsen (34) har vorte peika ut som ny medlem i utøvarkomiteen i Den internasjonale olympiske komiteen (IOC).
sport

Jacobsen skal vere IOC-medlem fram til 2026, opplyser Norges idrettsforbund i ei pressemelding. Blant IOC-medlemmene vil Jacobsen vere éin av 15 utøvarrepresentantar.

– Denne utnemninga er først og fremst ei tillitserklæring til Astrid Uhrenholdt Jacobsen. Astrid har i ei årrekkje vore ein av våre absolutt beste utøvarar, og ho har eit stort idrettspolitisk engasjement, både nasjonalt og internasjonalt, seier idrettspresident Berit Kjøll.

– Ei ære

Dermed har Noreg Jacobsen og Kristin Kloster Aasen som IOC-medlemmer.

– Det er ei ære, og eg er audmjuk når eg no trer inn i IOCs utøvarkomité og blir IOC-medlem. Min fremste motivasjon for å takke ja til dette vervet er å jobbe for å sikre at stemma til utøvarane blir høyrd i alle viktige saker. Eg opplever at utøvarane har vorte ei stadig viktigare gruppe i internasjonal idrett, og at synspunkta våre er ønskte inn i dei viktige idrettspolitiske debattane. Eg ser verkeleg fram til å ta fatt på dette vervet, seier Jacobsen.

Innsikt, integritet og engasjement

Ho blir rosa av Aasen, som har vore IOC-medlem sidan 2017. Aasen ser Jacobsen som «ein fantastisk representant for utøvargruppa».

– Eg veit sjølv kor viktig det er at utøvarane har tydelege og klare stemmer i den internasjonale idrettspolitikken. Astrid, med si innsikt, sin integritet og sitt engasjement, har alle føresetnader for å lykkast. Eg gler meg til å arbeide saman med henne, seier Aasen.

Jacobsen kunngjorde i april i fjor at ho skulle leggje opp som langrennsløpar. 34-åringen har eitt OL-gull på stafett og tre VM-gull (to i stafett). Heming-løparen har seks verdscupsigrar og er heidra med Egebergs ærespris for prestasjonane sine i både langrenn og friidrett.

(©NPK)