IOC innstiller Brisbane som OL-vert i 2032

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) har valt å innstille den australske byen Brisbane som OL-vert om elleve år.
sport

Utvalskomiteen i IOC peika allereie i februar på Brisbane som den føretrekte OL-arrangøren for leikane i 2032, og no er byen også formelt innstilt etter ei kunngjering frå IOC-president Thomas Bach.

Om det blir Australia som skal arrangere OL igjen for første gong sidan Sydney-OL i 2000, skal avgjerast 21. juli, då IOC-medlemmene skal stemme, to dagar før Tokyo-OL går av stabelen.

Paris er vertskap for sommarleikane i 2024, medan Los Angeles i USA er staden for OL i 2028.

Mumbai (India), Jakarta (Indonesia), Doha (Qatar), Madrid (Spania) og det tyske Ruhr-distriktet er blant dei andre kandidatane som har ønskt å vere vertskap for OL i 2032.

I tillegg til Sydney-OL i 2000 var også Melbourne vertskap for sommar-OL i 1956.

(©NPK)