Uefa godtek unnskyldninga frå ni utbrytarklubbar – gir dei bøter

Det europeiske fotballforbundet (Uefa) har bestemt at ni av dei tolv utbrytarklubbane skal gjenintegrerast i organisasjonen.
sport

I ei pressemelding skriv dei at dei ni klubbane skal betale ei bot som svarer til fem prosent av inntektene etter éin sesong med europacupkampar. Uefa legg til at dei aksepterer unnskyldninga etter at klubbane prøvde å starte sin eigen superliga.

Dei ni klubbane har sagt ja til å vere ein del av Uefas turneringssystem framover, og dei har erkjent at prosjektet Super League var ein feil.

Saka mot dei tre resterande klubbane som ville starte sin eigen utbrytarliga, går vidare til disiplinærkomiteen i Uefa. Det gjeld klubbane Juventus, Barcelona og Real Madrid.

Dei tre ikkje har gitt opp planane om ein framtidig Super League i europeisk fotball.

Tolv klubbar offentleggjorde natt til måndag 19. april planar om å danne si eiga turnering. Kontraktane var signerte, men under to døgn seinare havarerte prosjektet.

Sinne blant fansen og beinhard kritikk frå politikarar og media, særleg i England, bidrog til kollapsen.

Manchester City var først ute med å stadfeste at dei ville hoppe av. Kort tid etter følgde Manchester United, Liverpool, Arsenal, Chelsea og Tottenham. Seinare gjorde den spanske klubben Atlético Madrid og dei italienske Milano-klubbane Inter og Milan det same.

(©NPK)