Sandvolleyball: Mol og Ringøen til utslagskamp

Markus Mol og Nils Gunnar Ringøen skal ut i utslagskamp i kontinentalcupen i sandvolleyball i Madrid. Den gir rett til kamp om femteplassen.
sport

Markus Mol og Nils Gunnar Ringøen tapte den første kampen sin mot andreseeda Nils Ehlers og Lars Flüggen, medan dei vann overlegent 2–0 (21–13, 21–9) mot Andrej Mitrafanau og Dzmitrij Abramenka frå Kviterussland i den andre kampen.

Det gir utslagskamp laurdag.

For det andre norske paret er det over. I den første kampen i gruppespelet tapte Vegard Løkken og Erlend Henriksveen i strake sett mot førsteseeda Julius Thole og Clemens Wickler. Løkken og Henriksveen tapte 1–2 i den siste kampen sin (21–18, 15–21, 13–15) for dei femteseeda kviterussarane Aliaksandr Dziadkou og Pavel Piatrusjka.

Noreg stiller med eit reserveprega mannskap i Madrid som følgje av Anders Mols falske positive koronaprøve for eit par dagar sidan. Dermed hamna Mol og tre andre norske spelarar i karantene på Tenerife fram til fredag.

Dei fem beste av 16 deltakande lag i kontinentalcupturneringane går vidare til sluttspelet i Nederland neste månad. Det vil omfatte 16 nasjonar, og vinnaren får ein kvoteplass til OL.

(©NPK)