Ordemann sikra norsk OL-plass i taekwondo

Richard Ordemann (26) skal i aksjon i taekwondo under sommarleikane i Tokyo. Han sleppte jubelen laus etter semifinalesigeren på fredag i OL-kvalifiseringa.
sport

Nannestad-utøvaren slo Julio Ferreira frå Portugal med siffera 8–5. Kampen gjekk i 80-kilosklassen, og etterpå hylte Ordemann av glede på matta i Sofia.

Det er første gong at den norske 26-åringen blir å sjå i OL. Alle finalistane i kvalifiseringa i Bulgaria tok seg til leikane.

Kampsporten taekwondo har vore på OL-programmet sidan 2000. Trude Gundersen tok sølv under Sydney-leikane for 21 år sidan, og det same gjorde Nina Solheim i OL i Beijing i 2008.

(©NPK)