Hynne sesongstartar i Ostrava – føler ho har heva seg ytterlegare

800-meterløparen Hedda Hynne (31) sesongopnar i tsjekkiske Ostrava 19. mai.
sport

Der skal ho springe i det såkalla Golden Spike-stemnet. 28. mai skal ho vere med i Diamond League-stemnet i Doha i Qatar.

Hynne er for tida i Spania på treningsleir saman med trenaren og sambuaren Erik Sakshaug. Dei har tilhald like ved byen Malaga.

– Det er godt å komme seg ut å få sprunge litt på ei «full size» bane etter ein lang vinter og mykje trening innandørs. Vi pleier å ha nokre avbrekk i løpet av vinteren der vi har vore på leir. Eg kjenner at dette gjer veldig godt for kroppen. Heime i Trondheim har det vore relativt ustabilt med skiftande årstider i løpet av same dag, seier Hynne til NTB.

Normalt pleier ho å ha tre treningsleirar utanlands i oppkøyringa til ein ny sesong. Koronapandemien gjorde at det vart med denne eine i år.

Hynne avslutta førre sesong som nummer to på verdsrankinga. Ho sette norsk rekord med 1.58,10 i Sveits 20. september og vart med eitt ein reell medaljekandidat i Tokyo-OL.

31-åringen frå Skien med bustad i Trondheim føler at ho er godt førebudd til ein ny sesong. Den sterke fjorårssesongen gjer at mange fleire vil vere klar over henne enn normalt.

– Vi føler oss komfortable, og at vi er godt i rute. Vi har ein god treningsvinter bak oss og veit at vi har heva oss ytterlegare. Eg føler at vi har lagt ned nok eit godt år med trening, og vi har hatt god kontinuitet. Det er viktig. Vi har voner om ein god sesong, seier Hynne.


(©NPK)