Haaland på veg mot toppskårartittelen i Champions League

Dei ti måla til Erling Braut Haaland i Champions League denne sesongen ser ut til å bli flest av alle, og nordmannen vil då hamne på ei svært eksklusiv liste.
sport

Dei siste 15 sesongane er det nemleg berre fire ulike spelarar som har klatra til topps over flest mål i den største klubbturneringa i verda i fotball: Lionel Messi, Cristiano Ronaldo, Neymar og Robert Lewandowski.

Denne sesongen står Haaland med ti skåringar på åtte kampar for sitt Borussia Dortmund. Det tyske laget rauk ut for finaleklare Manchester City i kvartfinalen.

Giroud og Benzema igjen

Kylian Mbappé på PSG vart sitjande på benken då det franske laget rauk ut for City tysdag og stoppa dermed på åtte mål. Neymar stoppa på seks.

Olivier Giroud (Chelsea) og Karim Benzema (Real Madrid) har begge seks mål og er igjen i turneringa, men (éin av dei) har berre to kampar igjen å skaffe seg toppskårartittelen på. Onsdag kveld spelar dei returoppgjeret i semifinalen der første kamp gav 1–1.

Ronaldo har rekorden over flest mål i éin sesong med 17 (2013/14).

Rekordar

Spekulasjonane om klubbskifte for Haaland har vore mange sidan han byrja i Dortmund. I den gule drakta har han sett fleire rekordar i Champions League-samanheng. Mellom anna vart han den første til å skåre 20 meisterligamål. Det klarte han på 14 kampar. Den tidlegare rekorden hadde Harry Kane med 24 kampar.

Haaland vart òg den yngste spelaren til å nå 20 mål i Champions League (20 år og 231 dagar). Neste på lista er Mbappé (21 år og 355 dagar). Av meir trivielle rekordar vart han òg den første til å skåre minst to mål i fire kampar på rad.

Ronaldo har flest mål i turneringa med 134. Messi har 120.

(©NPK)