Viking kan overta plassen til Avaldsnes i Toppserien

Viking og Avaldsenes er i dialog om moglegheita for at førstnemnde overtek plassen i Toppserien for kvinner frå sesongen 2022, skriv Stavanger Aftenblad.
sport

Viking, som har bestemt seg for å satse på kvinnelaget, fekk for ei tid tilbake ein førespurnad frå toppserieklubben Avaldsnes om moglegheita for eit samarbeid.

Laget frå Karmøy tok bronse førre sesong, medan kvinnelaget til Viking for tida spelar i 2. divisjon. Målet for klubben er å ta seg til Toppserien raskast mogleg.

Viking har bestemt seg for å gå i dialog med Avaldsnes. Slik Aftenbladet forstår saka, har dialogen om eit samarbeid utvikla seg slik at Viking kan komme til å inngå ein avtale om at dei overtek plassen i Toppserien frå og med 2022-sesongen.

– Vi har ikkje komme så langt, men synest dette er så spennande at vi er positive til å ta ein prat med Avaldsnes. Utviklinga i kvinnefotballen går fort, vi har mista mange spelarar til Toppserien dei siste åra, påpeikar Viking FK-leiar Rune Bertelsen til lokalavisa.

(©NPK)