Seks svenske langrennsstjerner tekne ut til Beijing-OL

Ni månader før det skal kjempast om olympiske medaljar i Beijing-OL har seks svenske langrennsløparar allereie fått billett til leikane i Kina.
sport

Tysdag tok Sveriges olympiske komité ut dei første utøvarane til vinterleikane neste vinter. Det vart langrennsløparane Frida Karlsson, Linn Svahn, Ebba Andersson, Jonna Sundling, Jens Burman og Oskar Svensson.

I tillegg har stafettlaga i langrenn, både på sprint- og allroundsida, fått klarsignal til å delta.

Langrennsløparane tok seks av totalt 14 svenske medaljar under OL i Pyeongchang. I VM tidlegare i år tok Sverige òg seks medaljar.

– Dei fire siste vinterleikane har OL-troppen hatt eit høgt medaljenivå, og ein stor del av dette er dei fine resultata frå langrenn, seier OL-sjefen Peter Reinebo i ei fråsegn.

Det skal takast ut fleire svenske løparar til OL denne veka. Onsdag er det skiskyttaranes tur, og torsdag kjem dei første namna i alpint og skicross.

Beijing-OL blir innleidd 4. februar 2022.

(©NPK)