Langrennslandslaget stadfesta: Amundsen, Kalvå og Myhrvold inn for vraka profilar

Harald Østberg Amundsen, Anne Kjersti Kalvå og Mathilde Myhrvold kjem inn i langrennslandslaget på kostnad av tre vraka veteranar.
sport

Det vart klart då langrennssjef Espen Bjervig og landslagstrenarane Ole Morten Iversen, Eirik Myhr Nossum og Arild Monsen presenterte landslaget i neste sesong på eit digitalt pressetreff tysdag.

At den regjerande olympiske meisteren på 10 kilometer fri teknikk frå Pyeongchang, Ragnhild Haga, rauk ut av laget, var det mest overraskande. Ho hadde ei tung innleiing på førre sesong, men viste klar stigning i dei tre–fire siste renna.

Det låg heller ikkje ope i korta at sprintlandslaget for menn skulle bli redusert frå seks til fem mann. Dermed måtte Krogh bort utan at nokon nye vart henta inn.

Exiten til Didrik Tønseth var meir venta. Trønderen har ikkje fått det til å stemme i dei to siste sesongane.

Amundsen inn

Harald Østberg Amundsen tok bronse på 15 kilometer fri teknikk i VM i Oberstdorf sist vinter, og då låg vegen open inn til landslaget for 22-åringen.

– Det er kult å komme inn på eit såpass sterkt lag med eldre utøvarar. Eg er ein del yngre enn dei andre. Eg følte det var på tide at litt yngre utøvarar kom inn, seier han.

Sambuaren til Tønseth, Anne Kjersti Kalvå, hadde ein god sesong sist vinter, og det var venta at ho ville bli henta inn i det ypparste selskapet.

– Eg håpar å bidra med god stemning og ekstra trykk på trening, seier Kalvå.

Myhrvold glad

Meir overraskande var det at Vind-løpar Mathilde Myhrvold kjem inn. Ho var med i den norske VM-troppen i vinter, men fekk ikkje sjansen i renn.

– Det var stort for meg då eg fekk beskjed etter sesongen om at eg var ein del av elitelaget. Eg gler meg masse til å vere med gjengen og lære mykje, seier ho.

Landslaga samlast til fellessamling første gong under den tradisjonelle vårsamlinga på Sognefjellet i månadsskiftet mai/juni.

Slik blir langrennslandslaget i neste sesong:

Menn, elite allround:

Harald Østberg Amundsen (Asker), Hans Christer Holund (Lyn), Emil Iversen (Varden Meråker), Simen Hegstad Krüger (Lyn), Martin Løwstrøm Nyenget (Lillehammer), Sjur Røthe (Voss).

Sprint:

Pål Golberg (Gol), Johannes Høsflot Klæbo (Byåsen), Sindre Bjørnestad Skar (Bærum), Håvard Solås Taugbøl (Lillehammer), Erik Valnes (Bardufoss og omland).

Kvinner, elite:

Maiken Caspersen Falla (Strandbygda), Helene Marie Fossesholm (Eiker), Therese Johaug (Nansen), Anne Kjersti Kalvå (Lundamo), Ane Appelkvist Stenseth (Grong), Anna Svendsen (Tromsø), Heidi Weng (BUL), Lotta Udnes Weng (Nes), Tiril Udnes Weng (Nes), Ingvild Flugstad Østberg (Gjøvik), Mathilde Myhrvold (Vind).


(©NPK)