Haga fall for satsing på sprint

Landslagsleiinga i langrenn hevdar at Ragnhild Haga (30) er ute av landslaget først og fremst fordi det skal satsast meir på sprint.
sport

Under den digitale pressekonferansen på tysdag, der laget i neste sesong vart offentleggjord, var det vrakinga av 30 år gamle Haga som skapte mest merksemd.

Kvinnelandslaget består av elleve utøvarar etter eit Anne Kjersti Kalvå og Mathilde Myrvold er kommen inn.

Fleire stilte spørsmål om resultata til Haga ikkje var såpass gode at ho hadde fortent ein plass blant dei elleve som til slutt vart vald av landslagsleiinga.

– Vi er tynnare på sprintsida, og det er den delen vi må ta mest vare på. Det er grunnen til at vi enda opp med det laget vi har, seier landslagstrenar Ole Morten Iversen.

Vanskeleg val

Han seier at han hadde 12 namn å velje i, og då vart det ingen plass til Haga sjølv om også resultata hennar var gode nok til at ho kunne ha vorte teken ut.

– Vi har valt å ha eit stort lag med både sprint og distanse, og då er det heilt avgjerande å kunne balansere sprintdelen og distansesida godt nok. Slik situasjonen har vore i dei siste åra, er det openbert at det er på sprintsida vi har hatt mest å hente.

Iversen seier at éin distanseløpar måtte ut og at avgjerda var vanskeleg på grunn av jamne resultat mellom dei aktuelle løparane.

– Det vart Ragnhild. Ho er sjølvsagt ikkje samd i det, og ho er heller ikkje samd i prioriteringane våre. Men ho respekterer uttaket, er motivert til neste sesong og er ivrig til å vise oss at vi tek feil.

Avviser

Iversen avviser at det er utanomsportslege årsaker til at Haga ikkje kom med.

– Eg kan avkrefte at ting vi diskuterer internt er avgjerande når lag blir tekne ut, sjølv om Ragnhild som alle andre har teke opp ting som både har vore bra og mindre bra, seier han.

Haga har sjølv sagt at ho held fram satsinga fram mot OL i Beijing utanfor landslaget.

(©NPK)