Finalen i Hockeyallsvenskan blir teken opp att søndag etter smitteutbrot

Finalen mellom Björklöven og Timrå i den nest øvste hockeyligaen i Sverige blir teken opp att søndag etter koronasmitte.
sport

Då blir den tredje kampen spelt i finaleserien i Hockeyallsvenskan. Vinnaren skal kårast ved best av sju kampar.

Begge laga, først Björklöven og seinare Timrå, har hatt omfattande koronasmitte den siste tida. Det gjorde at finaleoppgjeret vart sett på vent for eit par veker sidan på stillinga 1–1 i kampar.

Oppstarten har vorte utsett ei rekkje gonger.

No ventar fem kampar på sju dagar for laga dersom finaleserien går heile vegen til ein sjuande og avgjerande kamp. Premien er ein plass i SHL frå neste sesong.

(©NPK)