Boikotten i fotballen over: – Vi har sendt eit kraftig og felles signal

Den fire dagar lange fotballboikotten av sosiale medium vart avslutta natt til tysdag. Aktørane håpar at positive endringar er på veg.
sport

Tunge fotballaktørar i England, Noreg og ei rekkje andre land gjennomførte ein fire dagar lang boikott av sosiale medium frå fredag til måndag. Målet var å protestere mot rasisme og diskriminering.

Aksjonen vart kjend etter ein felles uttale frå mellom anna Premier League, Englands fotballforbund (FA), ligaforeininga EFL og superligaen til kvinnene førre veke.

Deretter valde Det europeiske fotballforbundet (Uefa) og fleire andre å følgje etter. Natt til måndag var boikotten over.

«Vi har sendt eit kraftig og felles signal. Vi håper verkeleg at dei har høyrt og forstått beskjeden og at positive endringar er på veg», skriv Aston Villa på Twitter.

Ole Gunnar Solskjær sitt Manchester United markerer òg avslutninga på boikotten.

«Null toleranse, alltid. Vår kamp mot netthets vil alltid fortsette», skriv Old Trafford-klubben.

«Boikotten er over. Men det er ikkje arbeidet vårt med å utfordre og utradere alle former for diskriminering», heiter det vidare.

Manchester United har gjort ei undersøking av nettaktiviteten rundt klubben mellom september 2019 og februar 2021, der det kjem fram at 3300 innlegg i sosiale medium har vore netthets retta mot spelarane.

86 prosent av meldingane blir beskrivne som rasistiske, medan åtte prosent av meldingane skal ha vore homofobiske eller transfobiske.

(©NPK)