Bolsjunov har gifta seg med langrennskjærasten

Langrennsstjerna Aleksandr Bolsjunov (24) gifta seg med Anna Zjerebjatjeva (24) fredag.
sport

På eit bilete på Zjerebjatjeva sin historiefunksjon på Instagram viser det nye ekteparet fram beviset på ekteskapsinngåinga.

Sjølve inngåinga av ekteskap går føre seg i Russland på eit kontor som heiter ZAGS, og som ikkje er ulikt det norske folkeregisteret, skriv VG.

Bryllaupsfesten skal gå føre seg laurdag.

Bolsjunovs rival Johannes Høsflot Klæbo og kjærasten hans var invitert til bryllaupet i Russland, men koronapandemien sette ein stoppar for det. No blir i staden bryllaupet til det russiske para av den meir beskjedne sorten.

Klæbo og Bolsjunov kunne, om ikkje koronarestriksjonane hadde vore til hinder, debrifet endå meir frå den mykje omtalte hendinga på femmila i Oberstdorf. Den enda til slutt med at Klæbo vart diskvalifisert etter å ha vunne rennet.

Bolsjunov brekte staven på oppløpet, var sjanselaus og enda opp med sølvet bak Emil Iversen.

(©NPK)