Zlatan klar for Asterix og Obelix-film

Fotballstjerna Zlatan Ibrahimovic (39) satsar på nye utfordringar. Han skal ha ei rolle i ein film om Asterix og Obelix.
sport

Romaren Caius Antivirus er rollefiguren Zlatan skal spele. Ibrahimovic annonserte nyheita på plattformene sine i sosiale medium torsdag.

Budsjettet for den franske filmen er på cirka 600 millionar kroner. Oscar-vinnaren Marion Cotillard har ei av hovudrollene.

Filmen skulle opphavleg vore spelt inn i fjor, men prosjektet vart utsett på grunn av pandemiutbrotet. Den er no venta klart i 2021.

(©NPK)