Storsiger for Zuccarello og Wild

Mats Zuccarello var tilbake på isen då Minnesota Wild vann overlegent 8–3 mot topplaget Colorado Avalanche på heimebane i NHL natt til torsdag.
sport

Zuccarello har vore ute med skade dei siste kampane, men natt til torsdag var han tilbake. Nordmannen var tidleg frampå og prøvde seg med eit handleddsskot nærare fire minutt ut i første periode.

Det vart stoppa av Avalanches målvakt, men like etterpå sørgde lagkamerat Kirill Kaprizov for at Wild tok leiinga. Skåringar frå Luke Johnson og Kevin Fiala gav Wild ei 3-0-leiing etter første periode.

Laga møttest òg natt til tysdag. Den kampen enda med 4-5-tap for Wild, og det vart endå ein målrik kamp i St. Paul i Minnesota i natt.

I den andre perioden kom Avalanche meir med i kampen og skåra tre gonger på 14 forsøk. Wild beheldt likevel leiinga og var hakka meir effektiv med to mål signerte Ryan Hartmann og Kirill Kaprizov på fire skotforsøk.

Den siste perioden var det igjen Wild som tok best vare på sjansane. Med to mål frå Kevin Fiala og eitt frå Joel Eriksson Ek auka heimelaga leiinga og sikra 8-3-sigeren.

Mats Zuccarello fekk nærare 14 minutt på isen i kampen i natt.

Wild ligg på 3.-plass i den vestlege avdelinga i NHL med 50 poeng frå 38 kampar. Det er to poeng bak Vegas Golden Knights, og seks poeng opp til Colorado Avalanche på topp.

(©NPK)