Spansk siger i Baskarland rundt – amerikansk rittleiing

Etter den fjerde etappen av Baskarland rundt, tok amerikanske Brandon McNulty noko overraskande over leiinga samanlagt. Ion Izagirre vann.
sport

Esteban Chaves sette inn eit angrep med noko under ein kilometer igjen, men tetgruppa tok han igjen rett før slutt. Izagirre slo landsmann Pello Bilbao i spurten. McNulty kom inn på tredjeplass.

Dei to slovenske storkanonane Primoz Roglic og Tadej Pogacar hadde ikkje noko å stille opp med mot slutten av den lengste etappen av rittet, og Roglic må dermed gi frå seg den gule leiartrøya.

Danske Jonas Vingegaard hadde ein god dag. Vingegaard syklar for same lag som norske Tobias Foss og tok ein sterk fjerdeplass.

Det vart ei omvelting i samandraget. McNulty i leiinga har 23 sekund ned til Roglic og 28 sekund ned til nemnde Vingegaard på tredjeplass før dei to avsluttande etappane.

Ingen norske markerte seg stort under etappen på torsdag.

(©NPK)