Reiten med perlemål då Noreg slo Belgia 2–0

Etter at Noreg markerte støtte for menneskerettar før kampen, viste Guro Reiten fram frisparkfoten. Lisa-Marie Utland skåra òg i 2-0-sigeren mot Belgia.
sport

Laget følgde dermed dømet til herrane. Også gutane til Ståle Solbakken markerte under VM-kvalifiseringa i mars.

Etter 40 minutt viste Reiten fram venstreslegga då ho bøygde eit frispark frå rundt 20 meter i hjørnet.

Noreg hadde skapt få sjansar før skåringa, men Belgia-målvakt Justien Odeurs var sjanselaus på frisparket som sende Noreg i leiinga. Belgia hadde fleire gode sjansar før skåringa.

Etter 52 minutt var Karina Sævik svært nær å sende Noreg opp i 2-0, men ballen var centimeter unna å gå i mål via tverrliggjaren. Minuttet seinare var Amalie Eikeland igjen i nærleiken for Noreg, men målvakt redda forsøket frå Reading-spelaren.

Etter timen kom Belgia gjennom åleine med Noreg-målvakt Cecilie Fiskerstrand, men England-proffen redda med ein flott beinparade, og det norske forsvaret fekk klarert.

Drygt halvvegs inn i andre omgang vart det 2–0 for Noreg. Ballen kom gjennom heile feltet, og Lisa-Marie Utland stod åleine på bakarste stolpe og sette ballen i ope mål.

Sigeren kom i den første kampen sidan oktober i fjor for dei norske kvinnene. Då slo dei Wales 1–0.

(©NPK)