Nytt norsk tap i curling-VM

Dei norske herrecurlarane tapte 6–8 etter ekstraomgang mot det russiske laget (RCF) i VM i Canada.
sport

Det betyr at Noreg har sju sigrar og fire tap på elleve kampar. Nederlaget gjer òg at vegen mot direktekvalifisering til OL 2022, blir meir vrien. Mot russarane stod det 6–6 etter ti omgangar.

Onsdag avslutta Noreg med eit braktap mot Italia. Trenden heldt fram dagen etter.

Skip Steffen Walstad speler saman med Torger Nergård, Markus Høiberg og Magnus Vågberg.

I VM går dei to beste laga frå grunnserien direkte til semifinale, medan dei fire neste på tabellen speler utslagskampar om semifinaleplass. Noreg har tre kampar igjen i grunnspelet.

Dei seks beste laga i VM er direktekvalifisert til neste års OL.

(©NPK)