Noregs fotballkvinner med markering for menneskerettar

Før kvinnelandskampen mot Belgia løfta Noregs spelarar venstre hand der dei hadde skrive «human rights» med tusj. Dermed følgjer dei herrane.
sport

Noregs fotballherrar hadde fleire ulike markeringar under VM-kvalifiseringskampane i mars.

No følgde kvinnene etter og markerte for menneskerettar ved å halde opp handa med påskrift «human rights», eller «menneskerettar» på norsk.

Dermed har begge dei norske A-landslaga løfta fram synspunkta sine rundt menneskerettar og kva som skjer i Qatar. Det har vore store diskusjonar rundt at VM skal arrangerast i Midtausten.

(©NPK)