Medium: Japan vurderer å prioritere vaksine til idrettsutøvarane sine før OL

Japan har så vidt komme i gang med vaksinasjonen, og regjeringa vurderer å gi japanske idrettsutøvarar vaksinen seint i juni, melder nyheitsbyrået Kyodo.
sport

TV-kanalen Nippon og fleire medium rapporterer om det same og siterer ikkje namngitte kjelder frå regjeringshald.

Den japanske regjeringa har nekta for dette, men sagt at dei vil følgje med på diskusjonane rundt å verne helsa til utøvarane.

I Japan har omkring ein million menneske fått den første dosen av Pfizer-vaksinen, først og fremst til helsearbeidarar i landet. Eldre vil byrje å få vaksinen neste veke. Pfizer-vaksinen er den einaste som er godkjent i Japan førebels.

Japan har hatt relativt lite koronasmitte med 9.200 rapporterte dødsfall sidan pandemien starta.

IOC-president Thomas Bach har uttalt at vaksine er ikkje eit krav for alle utøvarane som skal til OL, men at dei oppmodar til å ta han. IOC (Den internasjonale olympiske komiteen) har planlagt å tilby vaksine frå Kina til internasjonale utøvarar.

Hos Olympiatoppen i Noreg er haldninga at utøvarane må halde plassen sin i vaksinekøen.

OL startar 23. juli.

(©NPK)