Ødegaard står over Arsenal-kamp

Martin Ødegaard er ikkje med Arsenal-troppen mot Slavia Praha i Europaligaen torsdag.
sport

Han har slite med ein ankelskade etter landskampar for Noreg i slutten av mars. Arsenal har tolv reservar i troppen mot tsjekkarane, men altså ingen Ødegaard.

Oppgjeret i London er det første av to i kvartfinalen i Europaligaen. Turneringsvinnaren får plass i Champions League til hausten.

(©NPK)