Curlingherrane tilbake på vinnarsporet – slo Japan og Sveits i VM

Noregs lag i curling-VM reiste seg tysdag meisterleg etter tapet mot Tyskland og er oppe i sju sigrar etter å ha slått Japan og Sveits.
sport

Skip Steffen Walstad og laget hans fekk eit ordentleg løft etter det overraskande nederlaget på tysdag og utklassa Japan 10–2 i første kamp tysdag.

Seinare vart det 10-5-siger etter ei noko jamnare affære mot sterke Sveits. Walstads lag toppar dermed grunnspelet i curling-VM i canadiske Calgary med sju sigrar og berre eitt tap.

– Vi hadde ikkje ein god kamp i går. Vi var litt nede og sov ikkje så godt i natt. Så det var herleg å slå tilbake med denne kampen, sa Noregs skip til arrangøren etter Japan-kampen.

Der var Noreg overlegent best frå starten av, og japanarane gav opp då Noreg tok fire poeng i den sjette omgangen og auka til åtte poengs leiing.

– Vår klart beste kamp, konstaterte Walstad overfor lagkameratane då sigeren var i boks.

Forutan Walstad speler Torger Nergård, Markus Høiberg og Magnus Vågberg for det norske laget.

I tet

Dei seks beste laga i VM er direktekvalifisert til neste års OL, og Walstads lag ligg godt an i den kampen.

Fire lag, Canada, RCF (Russlands curlingforbund), Skottland og Sverige, ligg like bak Noreg med seks sigrar og to tap. Sveits og USA har fem sigrar og tre tap.

– Det er bra at vi har dei sigrane vi har, for vi møter berre betre og betre motstand, sa Walstad.

I VM går dei to beste laga frå grunnserien direkte til semifinale, medan dei fire neste på tabellen speler utslagskampar om semifinaleplass. Noreg har fem kampar igjen i grunnspelet.

(©NPK)