Juventus med milliardtap

Juventus har så langt i 2020/21-sesongen tapt over ein milliard kroner, hovudsakleg på grunn av koronapandemien.
sport

Det kjem fram i ein rapport Juventus gjorde tilgjengeleg på nettsidene sine fredag ettermiddag.

Den italienske storklubben bokførte eit tap på 113,7 millionar euro i første halvdel av rekneskapsåret 2020/21. Det svarer til 1,16 milliardar kroner, og om lag halvparten av tapet kjem visstnok av koronapandemien.

Samtidig uttaler den regjerande Serie A-meisteren at den økonomiske nedgangen ikkje vil påverke overgangsvindauget i sommar.

I fjor godtok Juventus-spelarane å gi avkall på fire månaders lønn for å gi klubben ei økonomisk lette medan koronakrisa herja. Men som dei fleste andre klubbar i Europa, må «Den gamle dame» belage seg på å spele for tomme tribunar framover. Det vil bety ytterlegare tap.

(©NPK)