Warholm droppar innandørs-EM – redd for at smitte kan ende karrieren

Karsten Warholm kjem ikkje til start under innandørs-EM i friidrett i Polen neste månad. Han fryktar konsekvensane av å bli koronasjuk.
sport

Det har herska uvisse rundt om friidrettsstjerna ville stille til start under meisterskapen i polske Torun frå 4. til 7. mars. No er avgjerda teken.

Det opplyste Warholm då han hadde invitert til pressekonferanse i sosiale medium tysdag.

– Eg er i bra form, og det er synd (ikkje å delta), men risikoen er større enn oppsida. Eg har vorte skremd av skrekkhistoriar, og er redd for at smitte i verste fall kan ende karrieren min, sa Warholm.

24-åringen er regjerande europameister innandørs på 400 meter flatt.

(©NPK)