Viktor Hovland skal spele for 10.000 tilskodarar

På den andre majorturneringa i golfsesongen i år, USAs PGA-meisterskap, skal 10.000 personar få sjå golfstjernene i aksjon i Sør-Carolina i mai.
sport

Turneringa, som skal avviklast i helga 20.–23. mai, blir spelt etter US Masters (i april), men før US Open (i juni) og British Open (i juli).

PGA-president Jim Richerson seier at det er gledeleg å kunne gi publikum tilgang til turneringa.

– Vi gler oss veldig over å få publikum tilbake på golfbanen på ein måte som er forsvarleg innanfor koronareglane til styresmaktene, seier han.

Turneringa skal gå føre seg på Kiawah Island i staten Sør-Carolina. Det er første gong den blir der avvikla sidan 2012, då stjerna Rory McIlroy stakk av med sigeren. I fjor vart USAs PGA-meisterskap spelt i San Francisco i august, utan publikum. Då vann Collin Morikawa.

Det er venta at vi ser den norske yndlingen Viktor Hovland i turneringa etter ein strålande sesong hittil.

(©NPK)