Varmt vêr endrar VM-programmet – sprinten får nye starttider

Høge temperaturar tvingar arrangøren til å ta grep i ski-VM. Langrennssprinten på torsdag blir flytta fram med fleire timar.
sport

Det internasjonale skiforbundet (FIS) flyttar starttidspunkta etter eit møte med den internasjonale rettshavaren Infront.

I utgangspunktet skulle sprinten i Oberstdorf ha prologar frå 12.45, medan utslagsrundane var sett opp frå 15.15. Tysdag vart tidene endra til 09.00 og 11.30.

– Sportsleg trur eg det vil bli mykje betre. Kvart minutt i sola påverkar snøforholda veldig mykje. Vi kan sjå at fram til klokka 11.30 held løypene seg ganske bra. Når vi startar tidlegare, vil det gi gode forhold for konkurransane om morgonen og også verne snøforholda elles, seier FIS' langrennssjef Pierre Mignerey til VG.

Temperaturen søkk

Også kvalifiseringa på onsdag til dei 5 kilometrane til kvinnene og dei 10 kilometrane til mennene skal gå tidlegare enn planlagt.

Varmen i Oberstdorf har skapt hovudbry i VM-opptakten. Det er på det meste meldt 15 til 20 plussgrader i den tyske byen torsdag. Skiføret ligg an til å bli svært blautt.

Maks- og nattemperaturen søkk markant frå og med fredag. Då vil det etter prognosane liggje på maks åtte–ni varmegrader på dagtid og ned mot fem minus om natta i store delar av resten av meisterskapen.

Det er gode nyheiter for arrangøren.

Vil flytte alt

Ifølgje NRK var det Infront som tok initiativet til å flytte dei første VM-øvingane til tidlegare på dagen. Russland-trenar Markus Cramer meiner alle langrennsøvingar bør starte tidlegare.

– Det vil gjere det meir rettferdig. For sprint er det ikkje eit så stort problem, men seinare blir det endå meir ulike forhold. Sola blir veldig sterk på ettermiddagen, seier Cramer til NRK.

Johannes Høsflot Klæbo er ikkje oppteken av starttidspunkta.

– Forholda er som dei er, og vi får ikkje gjort noko med det. Det får vere opp til dei som tek avgjerda. Forholda i går var heilt optimale, sa Klæbo under ein pressekonferanse tysdag.

(©NPK)