Uefa avlyste aldersbestemte EM-turneringar

Det europeiske fotballforbundet (Uefa) vedtok tysdag å avlyse EM-turneringane for juniorar (G19 og J19) i år. Det er andre år på rad at det skjer.
sport

Uefa-styret kom til at det med reiserestriksjonane som gjeld no som følgje av viruspandemien ville bli vanskeleg å gjennomføre kvalifiseringsturneringane. Tidlegare er det vedteke å avlyse EM-turneringane for gutar (G16) og jenter (J16). Det skjedde allereie før jul.

Uefa melder på nettstaden sin at medlemslanda vart konsulterte før avgjerda om å avlyse òg for G19 og J19, og at dei støttar avgjerda.

– Sjølv om det er uheldig at aldersbestemde EM ikkje kan avviklast i år, må helsa og tryggleiken til unge utøvarar prioriterast, heiter det på nettstaden til Uefa.

Det vart òg bestemt at meisterligasluttspelet i futsal blir flytta frå Kviterussland til Kroatia. Det skal avviklast i tida 28. april til 3. mai.

Uefa vedtok dessutan at regeleksperimentet med ekstra innbytarar ved hovudskadar skal nyttast under EM-sluttspelet for U21-landslag i Ungarn og Slovenia.

(©NPK)