Sprintlaget er klart – Svendsen får VM-debuten

VM-debutant Anna Svendsen går sprinten på torsdag. Det gjer òg Maiken Caspersen Falla, Ane Appelkvist Stenseth og tvillingane Lotta og Tiril Udnes Weng.
sport

Svendsen er i eit senior-VM for første gong. Ho er omgitt av lagvenninner med meir meisterskapsrutine.

– Dei har mykje meir erfaring enn meg, så eg må lære litt av dei. Det er enormt stort å bli teken ut til meisterskap, sa tromsværingen under pressekonferansen på tysdag.

Falla har vunne sprintgull i dei to siste verdsmeisterskapane. Ho føler forma har vore stigande dei siste månadene.

– Eg kjem til VM med låge skuldrer. Treninga eg har fått gjort fram til no frå midten av desember, har vore veldig bra. Eg håpar at det held, sa Falla.

Sprinttrenar Ola Vigen Hattestad seier dette om det norske VM-laget:

– Dette er jenter som har prestert godt gjennom heile sesongen. Kanskje litt rufs for Maiken før jul, men jamt over har det vore gode prestasjonar. Dei har vist at dei kan kjempe heilt inn, men vi veit at vi møter sterke konkurrentar.


(©NPK)