Sagosens helvetesprogram – to vekers råkøyr ventar

Sander Sagosen og lagkameratane i Kiel skal spele seks kampar dei 12 neste dagane. Det blir eit maraton av sjeldant merke.
sport

Det uhyre intense kampprogrammet kjem som ein konsekvens av at ei rekkje meisterligakampar måtte utsetjast tidlegare i sesongen som følgje av viruspandemien. No skal det tapte takast inn att.

Dei neste 12 dagane må ei rekkje liga- og Champions League-oppgjer blir gjorde unna for Sagosen og resten av Kiels stjernegalleri.

Første kamp blir spelt mot Aalborg i Meisterligaen tysdag kveld, og torsdag kveld er franske Nantes motstandar i same turnering.

Deretter er det seriekamp mot Füchse Berlin søndag, før Celje og Zagreb ventar i Meisterligaen tysdag og torsdag neste veke. Maratonen blir avslutta med ny ligakamp neste laurdag.

I Kiel-troppen er ein oppgitt over hardkøyret spelarane blir utsette for.

– Eg har aldri opplevd noko liknande. Og eg håpar ikkje at eg i framtida får oppleve noko liknande, seier målvakta Niklas Landin til nettsidene til klubben.

Med til historia høyrer det òg at Sander Sagosen skal rett på landslagssamling med Noreg etter at det nemnde rotteracet er over. Allereie 10. mars er det EM-kvalifiseringskamp mot Latvia, men der vil Noreg truleg stille eit reint B-lag.

Frå 12. til 14. mars står så OL-kvalifiseringskampar mot Brasil, Chile og Sør-Korea på programmet.

(©NPK)