Klæbo vil dele på VM-presset: – Eg er ikkje meir favoritt enn andre

Johannes Høsflot Klæbo ser for seg ein brutal kamp om sprintgullet i VM. Han meiner Erik Valnes har ein like stor sjanse til å lukkast som han sjølv.
sport

Dei siste dagane har Klæbo tona ned seg sjølv i debatten om kven som er den store favoritten før den første medaljeøvinga på torsdag i Oberstdorf. Han heldt fram i same spor under pressekonferansen på tysdag.

– Eg meiner det er fleire som definitivt er oppe der og som kan ta det stempelet. Det sit ein lengst borte til venstre her som kan gå frykteleg fort på sprint, sa trønderen og viste til Erik Valnes.

I vinter har Valnes gitt Klæbo hard kamp i fleire sprintrenn. Emil Iversen, Pål Golberg og Håvard Solås Taugbøl utgjer resten av det norske laget til den klassiske VM-sprinten på torsdag.

– Det sit òg tre andre her som kan vere med og kjempe. Eg ser ikkje på meg som meir favoritt enn andre, sa Klæbo vidare.

Valnes meinte derimot at tittelforsvarar Klæbo må tole at alle peikar på han før rennstart.

– Johannes er den store favoritten. Den skal han få.

(©NPK)