Kampen til fotballandslaget mot Tyrkia blir flytta ut av Noreg – blir spelt i Spania

Noreg mistar heimefordelen mot Tyrkia i VM-kvalifiseringa 27. mars. Kampen blir sett opp i Spania.
sport

Norges Fotballforbund hadde i det lengste eit håp om å spele oppgjeret på Ullevaal stadion i Oslo, men det vart kraftig svekt etter at regjeringa i januar innførte strenge innreiserestriksjonar.

Sidan den gong har det vorte spekulert på at Tyrkia-kampen kunne bli flytta til eit stadion i Sør-Spania. Tysdag vart det klart at kampen blir spelt på heimebanen til Malaga.

Noregs landslagssjef Ståle Solbakken sa nyleg at heimefordelen uansett ikkje er den same som før koronapandemien.

– Eg har førebudd meg på at det kan bli vanskeleg (å spele på Ullevaal). Og uansett blir det vel utan tilskodarar, og med det i mente, er det kanskje ikkje det viktigaste med ein heimearena, sa Solbakken til NTB.

Debutkampen hans som Noreg-trenar skjer borte mot Gibraltar 24. mars. Deretter ventar Tyrkia til «heimekamp» tre dagar seinare. Solbakkens lag avsluttar samlinga borte mot Montenegro.

Det er høgst tvilsamt om den siste kampen kan spelast i Podgorica 30. mars. Smitteutviklinga i Montenegro har slått heilt feil veg i det siste. Utviklinga vert kalla dramatisk av Balkan-medium.

– Eg bruker ikkje så mykje energi på dette. Det kan framleis skje mykje, seier Solbakken.

Han offentleggjer sitt første laguttak 15. eller 16. mars.

(©NPK)