Bjørgen blir TV-ekspert frå sofaen

Marit Bjørgen sluttar seg til TV 2 si satsing på ski-VM. Kvar kveld skal den tidlegare langrennsdronninga frå eigen stue kommentere det som skjer i Oberstdorf.
sport

Trønderen blir ein del av programmet «Vinterstudio». Bjørgen skal der dele betraktningane sine frå TV-sofaen heime i Oslo.

– Det kjem til å vere mykje engasjement, kjensler, meiningar, nervøsitet og sikkert òg litt frustrasjon frå meg, seier Bjørgen i ei pressemelding.

40-åringen, som la opp i 2018, vann 18 VM-gull som aktiv løpar. Ho er òg tidenes vinterolympiar.

– Vi er stolte over å ha tidenes VM-medaljør på laget. Marit Bjørgen har unik innsikt og erfaring, og brenn for skisporten. Det blir fag og kjensler i skjønn foreining, fortel sportsredaktør Vegard Jansen Hagen i TV 2.

Bjørgen seier ho trur Noreg tek sju langrennsgull i Tyskland dei neste vekene.

(©NPK)