Det er gode nyheiter for TV3 som sender oppgjeret og håpar på milliontal på sjåarfronten.
Spanjolane tek avkast som favoritt 20.30 norsk tid (21.30 i Egypt). Noreg står med 18 strake tap for Spania sidan 1997.
– Det eg tenkjer først og fremst, er at det har vore veldig jamt dei to siste gongene (i 2019) vi møttest, seier Christian O'Sullivan.
Spanjolane vann med eitt mål i begge kampar. – Eg føler at det like godt kunne gått i vår favør dei kampane.
Noreg flyttar hall frå 6. oktober-byen til eit område søraust for sentrum i Kairo. Den egyptiske hovudstaden har vel 20 millionar innbyggjarar.
Dette er dei andre kvartfinalane, også desse blir spelte onsdag:
Danmark – Egypt 17.30
Frankrike – Ungarn 20.30
Sverige – Qatar 20.30
Går Noreg til semifinale, ventar kamp mot anten Danmark eller Egypt.
(©NPK)