Johannessen og Noreg opp mot europameisteren: – Må spele vår beste kamp i meisterskapen

Gøran Johannessen varslar ein god kamp mellom handball-VMs to største formlag når marerittmotstandaren Spania ventar Noreg i kvartfinalen.
sport

26-åringen frå Stavanger har til liks med det norske laget samla sett spelt seg i form utover i meisterskapen. Mot Algerie var han Noregs kanskje beste spelar, medan han var avgjerande med fem skåringar mot Island sist.

– Eg hadde ein litt svak start på meisterskapen. Mykje har eigentleg handla om treffprosenten frå distanse. Det handlar om å setje ballen i mål og vere direkte. Og det synest eg har komme dei siste kampane i takt med prestasjonen til laget, seier Johannessen.

Formutvikling vart ein gjengangar i dei ti minutta hans med norsk presse føre Spania-møtet. Noreg er på veg mot forma laget viste i den sterke EM-turneringa i fjor (bronse).

– Eg sa vel etter EM at det var den beste handballen vi har spelt nokon gong. Og eg synest ikkje vi har komme opp på det nivået enno. Men vi har hatt ei mykje brattare stigning i spelet vårt i denne meisterskapen enn vi hadde i EM.

Betre føresetnader

Spania tok heim gullet i den nemnde turneringa. Dei vann 22–20 over Kroatia, som hadde slått Noreg i ekstraomgangar i semifinalen. Og det spanske laget er ikkje mykje dårlegare no.

– Stigninga vi har hatt, tilseier av vi skal kunne matche dei. Og vi står betre mot dei enn vi har gjort tidlegare. Men vi må spele vår beste kamp så langt i meisterskapen, det er det ingen tvil om, seier Johannessen.

– Er Spania gullfavoritt?

– Nei. Reint spelemessig synest eg Danmark har spelt best, medan vi og Spania kanskje har hatt den brattaste stigninga. Eg kan ikkje sitje her og seie at Spania er favorittar når vi skal møte dei i morgon (onsdag). Eg er ganske sikker på at vi spelar opp mot dei.

Ekle

For Noreg har Spania vore eit ekkelt lag å møte. Ikkje sidan 1997 har eit møte mellom laga enda med norsk siger. Johannessen forklarer kvifor.

– Dei spelar litt urytmisk handball med nokre rørsler som vi ikkje er heilt vande med her i Norden. Det er mykje fintepasningar, og dei ligg og lurer litt heile tida. Så om du hamnar på halvdistanse, kjem det innspel eller skot med éin gong.

– Forsvarsmessig blir det ei utfordring å løyse det. Og det er jo eit klassemannskap med dobbeltdekning i nesten alle posisjonar.

Medan Noreg har ein kampfri dag ekstra føre kvartfinalen, har spanjolane rullert meir, og dei fekk ein noko lettare avslutningskamp enn nordmennene i puljespelet.

– Eg trur Spania òg er klare for å spele tempohandball. Det blir nok to lag som skal springe mykje, seier fotrappe Johannessen.

Han kan møte ein annan VM-favoritt dersom det blir siger over spanjolane. Danmark er storfavoritt i sin kvartfinale mot vertsnasjonen Egypt, og vinnaren der møter Spania eller Noreg.

(©NPK)