Marerittlaget Spania neste for Noreg i handball-VM

Ungarn sparte fire av sine beste spelarar og gav langt på veg Spania sigeren med 36–28 i handball-VM. Spanjolane møter Noreg i kvartfinalen onsdag.
sport

Ungarn speler mot Frankrike same dag. Ungararane valde å ikkje satse på gruppesiger i særleg grad. Dei sende førstemålvakt Roland Mikler på tribunen saman med dei tre beste utespelarane. Kvartetten fekk kvile.

Då gjekk det som det måtte. Spania leidde heile 21–14 ved pause.

Noreg møter EM-tittelforsvararen (vann både i 2018 og 2020) i kvartfinalen, og det blir ei særs vrien oppgåve for dei norske gutane. Spania har sett stabilt særs gode ut etter opningskampen og rår over eit komplett lag.

Ustoppeleg

Spania står med siger over Noreg i dei 18 siste møta sidan 1997, men det har vore jamt nokre gonger dei siste åra.

Ingen av dei norske spelarane har slått spanjolane i seniorlandskamp, sjølv ikkje veteranen Bjarte Myrhol (38).

Ein uavgjord er det beste utfallet etter åtte forsøk. Men med tanke på mål har Spania vore bra for han dei fire siste kampane: Det har vorte 31 Myrhol-skåringar i den perioden.

Dette er kvartfinaleoppsettet i VM. Alle kampar blir spelte onsdag:

1: Noreg – Spania

2: Danmark – Egypt

3: Frankrike – Ungarn

4: Sverige – Argentina/Qatar/Kroatia

Semifinalar: 1–2 og 3–4.

Vertsnasjonen har vunne tre av dei fire siste VM-sluttspela for menn: 2013 Spania, 2017 Frankrike og 2019 Danmark.

Noreg tapte finalen i dei to siste utgåvene.

(©NPK)