Koronatilfelle hos Danmark i VM – Noreg meiner VM er trygt

VM-spelar Emil Jakobsen har testa positivt for korona og er i isolasjon, fortel det danske Håndballforbundet. Alle lagkameratane hans er korona-negative.
sport

Dermed har arrangøren fått utøvar-smitte inn i den såkalla bobla for første gong, og det gjer at fleire tek til orde for at meisterskapen ikkje kan fullførast.

Eit knippe gode spelarar valde å stå over VM på grunn av smittefaren. Det gjeld mellom anna tre tyske stjerner.

To lag melde avbod til VM etter smitteutbrot. I tillegg var det fleire positive testar i troppar då dei kom til flyplassen i Kairo.

Jakobsen, som tidlegare har vore covid-19-sjuk, testa på nytt positivt ved den siste testen laget gjorde i Egypt. Samtidig testa alle dei andre i Danmark-troppen negativt før opningskampen til laget mot Bahrain.

– Godt førebudd

Jakobsen vart sett i isolasjon saman med romkameraten Morten Olsen. Olsen er likevel med i troppen mot Bahrain, sidan han leverte negativ prøve fredag.

– Vi er sjølvsagt veldig lei oss for dette på Emils vegner. Vi har vore godt førebudde på denne situasjonen, og vi følgjer dei velskrivne og restriktive koronaprotokollar vi både har sjølve og dei det Det internasjonale handballforbundet (IHF). Det betyr at vi mellom anna blir testa på nytt i dag og i morgon, seier Danmarks sportssjef Morten Henriksen.

– Vi reknar med at det er ei eller anna form for falsk alarm fordi Emil har vore positiv før. Det vil vere den mest logiske forklaringa, seier Henriksen til avisa Ekstra Bladet.

– Trygt

Danmarks tropp bur på eit gigantisk hotell i sentrum av Kairo. Det har nær 1100 rom. Sju andre lag er òg innlosjerte der saman med andre involverte i VM.

Noregs tropp har base utanfor Kairo. Handballpresident Kåre Geir Lio seier det ikkje er vurdert å avbryte meisterskapen.

– Vi tuftar alle vurderingane våre på innsikt frå det medisinske personellet som er til stades (i Egypt), og (medisinsk ansvarleg) Thomas Torgalsen meiner det er god kontroll på tryggleiken til spelarane og åtferda i eige lag, sa Lio til NTB før nyheita om den positive danske prøva kom.

Han meiner det er trygt å halde fram VM. Alle medlemmene av Noregs delegasjon testa negativt for viruset natt til fredag.

– Slik som dei medisinske spesialistane våre vurderer det, så er det trygt.

(©NPK)