Uvanleg VM-opplading: Noreg teipa opp bane på møterommet

Det norske laget tok i bruk nye grep før Frankrike-kampen i handball-VM. Gutane laga ein 6-meter på eit møterom på hotellet.
sport

På grunn av store avstandar, valde den norske troppen å ikkje reise til hallen for å trene på formiddagen kampdagen.

– Det er litt spesielle omstende, seier Kristian Bjørnsen om den svært spesielle oppladinga.

Han fortel at laget trena på litt taktikk inne på møterommet med fleire gedigne lamper hengande ned frå taket.

Gutane har òg trena litt fotball ute på graset på 5-stjernershotellet.

(©NPK)